Dei eldre skal bli «sterk og stødig»

DEMONSTRERER: Ergoterapeut Petter Buvik demonstrerer ei av øvingane. med seg har han fysioterapeutane Anita Bjørsvik Kvamme (midten) og Susanne Villanger Rolland.FOTO: Morten Sæle

DEMONSTRERER: Ergoterapeut Petter Buvik demonstrerer ei av øvingane. med seg har han fysioterapeutane Anita Bjørsvik Kvamme (midten) og Susanne Villanger Rolland.FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Målet er å få dei eldre til å bli tryggare på å bevega seg.

DEL

– Fysisk trening er eit av dei tiltaka som er vist å ha best effekt, og kan åleine redusere fall med opptil 50 prosent hjå heimebuande eldre personar, seier einingsleiar Reidun Sæbdal i Lindås kommune.

LES OGSÅ: Ny kommunalsjef for helse og omsorg

Ulykker og skader er ei stor folkehelseutfordring og fall er den hyppigaste ulykkestypen hjå eldre. Opp til 30 prosent av personar over 65 år som bur heime fell kvart år og ein enno større del fell etter fylte 75 år. Skader etter fallulykker kan føre til store personlege problem for den enkelte og store økonomiske konsekvensar for det norske samfunnet.

Prosjektmidlar

Med prosjektmidlar frå Fylkesmannen set fysio- og ergoterapitenesta no i gang eit prosjekt kalla «Sterk og stødig», der eldre i målgruppa vil få tilbod om trening to gonger i veka over seks veker.

LES OGSÅ: Leilegheiter med vidsyn

– Dei aller fleste eldre ønsker å klare seg sjølv så lenge som mogleg, og helst i eigen bustad. Dette prosjektet vil gje eit løft til desse, seier Sæbdal.

Tanken med treninga er å motivera deltakarane til å vera i aktivitet, og å stimulera til eigentrening som dei kan ha nytte av etter at dei seks vekene er over.

Deltakarane vil òg få tilbod om heimebesøk frå ergoterapeut Petter Buvik.

Frå morgon til kveld

– Aktivitet fremmer helse, det gjeld i alt du gjer frå du står opp til du legg deg, seier Buvik, som vil gje råd om tilrettelegging i heimen for å unngå at fallulykker skjer.

Sjølve treninga vil vera på ein time kvar gong med ulike stasjonar.

– Vi vil utfordra den enkelte på sitt nivå, understrekar fysioterapeut Susanne Villanger Rolland som er engasjert inn i prosjektet.

LES OGSÅ: Regjeringa vil endra eigedomsskatten: – Vil få dramatiske konsekvensar for oss

Det vert åtte deltakarar i kvar gruppe, og to grupper startar opp på Lindås, og to i Knarvik.

– Det er framleis plassar att, og vi vil prioritera dei som ikkje har vore med før. Alle som vil skal få plass innan året er omme, lovar Rolland.

Kvart år vert i overkant av 9000 personar over 50 år behandla for hoftebrot i Norge. Dei totale kostnadane er rekna til å vere omkring tre milliardar årleg.

Norge ligg i verdstoppen på lårbeinsbrot.

– Det får ofte store konsekvensar for den det gjeld, seier Sæbdal.

Artikkeltags