Tredje person smitta av korona-viruset i Alver

Søndag skal ytterlegare ein person ha blitt bekrefta smitta.

DEL

Tre personar skal no vere smitta av korona-viruset i Alver. Det melder VG.

– Det er veldig viktig at alle overheld karanteneføresegnene, og dei råda FHI kjem med, seier kommuneoverlege i Alver, Therese Folgerø til Alver kommune.

Ho bekreftar søndag kveld at det no er tre personar som har fått påvist korona-viruset i Alver.

– Det er mykje internsmitte i Norge, og det må alle vere klar over. Ikkje alle med symptom blir testa no, seier Folgerø.

Søndag klokka 18.50 er det bekrefta at 1220 personar i Norge er smitta av korona-viruset. FHI melder derimot at det er endå fleire som er smitta då det er mange som ikkje blir testa.

Artikkeltags