Tidlegare i år sende Nordhordland Utviklingselskap IKS ei melding til Vestland fylkeskommune. Der bad dei fylkeskommunen om å utgreiie korleis det vil vere å innføre ein tre-timars regel for Nordhordlandspakken.

Dei bad også fylkeskommunen om å sjå på ei samordning mellom Nordhordlandspakken og bomringen i Bergen.

Auke takstane

I dag er det timesregel i Nordhordlandspakken. Det vil sei at du berre betaler for ei passering dersom du passerer fleire gongar i løpet av ein time.

I utgreiinga frå fylkeskommunen kjem det fram at det med timesregel, er rekna at 48 prosent av trafikken er betalande. Ved å innføre tre-timars regel vil dette bli vesentleg endra. Dei legg også vekt på at det per dags dato ikkje blir praktisert med ein slik regel nokon stad i landet.

Det er gjort ein enkel analyse for korleis ein tre-timars regel vil påverke Nordhordlandspakken. Det er tatt utgangspunkt i at regelen vil gjelde måndag-fredag mellom 17:00 og 20:00.

– Innføring av ein tre-timars regel vil gje ein auke i fritakspasseringar. For å kunne behalde gjennomsnittsinntekta til Nordhordlandspakken, må ein då enten redusere porteføljen eller auka takstane, skriv fylkeskommunen.

Dersom ein innfører tretimarsregelen og ikkje aukar takstane, vil det gje åtte millionar kroner mindre i inntekt. For å unngå dette tapet, må ein auke takstane med to kroner, det vil sei frå 20 til 22 kroner.

– Samordning med Bergen

Vestland fylkeskommune har også gjort ei utgreiing av samordning mellom Nordhordlandspakken og bomringen i Bergen.

– Det er ikkje utdjupa nærare kva ein meiner med samordning av bompengepakkane. Vi føresett difor at dette gjeld innføring av felles timesregel mellom bompengepakkane i Bergensområdet, skriv fylkeskommunen.

Vidare opplyser fylkeskommunen at intensjonen til dei to bompengepakkane er ulike.

– Nordhordlandspakken har inne ei trafikkauke i sine finansieringsmodellar, medan bomringen i Bergen også er eit trafikkregulerande tiltak, i den forstand at den skal avgrense biltrafikken og få folk til å velje andre transportformer.

Dei fortel om to ulike måtar ein kan samordne pakkane: Enten gjennom to ulike pakker eller ein felles. I det første tilfelle vil det vere ein av dei få plassane i landet kor det er ei samordning mellom bompengepakkar.

– Det vil vere naudsynt med ein fordelingsnøkkel mellom bompengepakkane, og det må greiast ut kven av partane som skal bere det økonomiske tapet.

Dersom ein slår saman dei to pakkane til ein felles bompengepakke, vil ein kunne risikere at nærliggande bompengepakker ønskjer det same, til dømes Askøypakken.

– Ein konsekvens av samanslåing eller samordning vil kunne føre til svekka inntektsgrunnlag, skriv fylkeskommunen.

Ein må difor vurdere å redusere tal prosjekt eller auke takstane.

– Ny politisk behandling

Innføring av tretimarsregel og samordning mellom bompengepakkane vil krevje ny politisk behandling. Sakene må opp både lokalt, hjå fylkeskommunen og i stortinget.

Samordning mellom bompengepakkane vil kunne skje tidlegast i 2021 under revisjon av byvektsavtalen.

Dagleg leiar i Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Rune Heraldstveit, fortel at dei har tatt utgreiinga til orientering.

– Å gjere desse endringane krev stor behandling av fleire system. Vi kjem ikkje til å gjere noko meir med dette, seier Heraldstveit.

Det vil vere opp til politikarane om det er aktuelt å ta dette vidare til politisk behandling.