Tre personar til legevakt etter uhell på Mongstad

DEL

Fredag like før klokka 13.00 rykte naudetatane ut til Mongstad etter melding om ein mogleg lekkasje.

– Det blei meldt om eit tilfelle med ein IBC-konteinar inne på området, skriv 110-sentralen på Twitter.

– Situasjonen er udramtisk, opplyser brannvesenet.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eirik Loftesnes seier til BA at dei jobbar med å få oversikt over situasjonen.

BT melder om at ein person har pusta inn ein gass frå ein tusen liters plastkonteinar med spillolje. Han skal så ha følt seg uvel. Personen er køyrt til legevakt med ambulanse, medan to andre personar er på veg til legevakta med privatbil.

Vakthavande ved Nordhordland brann og redning seier dei har situasjonen under kontroll.

Innhaldet i konteinaren skal vere forueina spillolje med VOC-gassar. Brannvesenet stengte i ettermiddag ned hallen og ventar på eigna måleutstyr for å sjekke gassnivået i lufta.

Artikkeltags