To bilar kolliderte søndag kveld i Budalen nær Kilstraumen i Austrheim. Det var tre personar involverte i ulukka og ingen av dei er i klem, opplyste politiet like etter at hendinga fann stad.

– Det er snakk om to bilar som har køyrd i kvarandre, og i alle fall den eine har hamna i autovernet, seier trafikkorperatør Nina Heggernes i Statens vegvesen til NH.

Det skal ifølgje meldingane frå ulukkesstaden ikkje vera snakk om personskadar.

Vegtrafikksentralen vart varsla om hendinga av politiet klokka 19:34. Då var allereie brannvesenet på staden.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stine Mjelde, stadfestar at den eine bilen har køyrd i autovernet.

Begge bilane står i vegbana, men det er lite trafikk og bilar vert dirigert forbi.

– Det påverkar slik me forstår det trafikken lite. Og det er ikkje meldt om store trafikkmessige konsekvensar av hendinga, seier Heggernes ved vegtrafikksentralen.

Då NH var på staden søndag kveld, var politiet i ferd med å forlata staden, medan bilbergar tok seg av ein bil med større materielle skadar.