Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye koronatilfelle i Alver

Måndag melder Alver kommune om tre nye positive koronaprøvar.

Eitt av dei fekk kommunen på fredag. Dette tilfelle er knytt til smitta ved Knarvik ungdomsskule

Dei to resterande prøvesvara fekk kommunen måndag denne veka.

- Vi held på med smittesporing av desse no, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Vidare opplyser kommuneoverlegen at det ikkje er kjent samanheng mellom dei to tilfella måndag og smitten på ungdomsskulen.

Kommentarer til denne saken