Tre hus forsøkt påtend i natt

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Kunne fått fatale følger.

DEL

Tre hus har blitt forsøkt påtend i Frekhaugmarka bustadfelt natt til søndag. Snarrådige naboar kan ha hindra ein tragedie.

Ein snarrådig nabo oppdaga at det brann i inngangspartiet hjå ein nabo i feltet.

Kledninga hadde alt tatt fyr, då han fekk varsla to vaksne og tre born som låg og sov i huset. Alle måtte evakuera i berre nattøyet.

Rysta velforeining

– Heilt forferdeleg, vi er rysta over det som har skjedd, seier leiar i velforeininga, Mabel Ingeborg Johansen.

Ho fortel at velforeininga no vurderer å setta opp nattevakter i feltet, til dess politiet forhåpentlegvis klarar å finna ut kven som står bak brannane.

Fire hendingar

I alt har det vore fire hendingar i feltet i løpet av natta. Ved eit av bustadhusa er det tend fyr på eit klesstativ med klede som stod ved ein husvegg.

I eit anna tilfelle er det tend på ei barnevogn som stod ved inngangsdøra, og ved eit tilfelle er det tend på eit bosspann. Det var i dette tilfellet brannen var så kraftig at kledninga på huset tok fyr.

– I tillegg er ei trampoline i nabolaget kutta hol i og gjort hærverk på, fortel Johansen til Avisa Nordhordland.

Nattevakter

No ønsker velforeininga møte med politiet for å få fleire opplysningar om saka, og få råd om kva dei kan gjera for å trygga nabolaget.

– Vi har snakka om å setta opp vaktlister og gå nattevakt i helgene, seier Johansen til NH.

Det er i alt 184 husstandar i Frekhaugmarka vel.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005