Onsdag morgon, klokka 07:45 melder 110 Vest om ei trafikkulykke på Lindåsvegen i Alver. Tre bilar er involverte.

Naudetatane køyrde ut til ulykkesstaden ved krysset til Nesfossen på fylkesveg 57. Det er manuell dirigering og kø i området.

– Ambulansen er framme på staden og melder om kun materielle skader, opplyser vaktkommandør Stian Kvam til NH, klokka 07:50.

– Krasja inn i to bilar

Det er ikkje meldt om personskadar. Innsatsleiar i brannvesenet, Even Haugland, seier til NH at ingen har hatt behov for ambulanse.

– Det er veldig glatt på staden, seier han.

– Eg krasja først inn i den eine bilen, og så kom eg inn i den andre, seier ein av dei involverte sjåførane til NH.

Trass i ulykka står det bra til med føraren, som ikkje ønskjer å ha namnet sitt i avisa.

Bergingsbilen var framme på staden like etter klokka 08.30, melder avisa sin utsende reporter. Alle dei tre bilane stod då i grøfta, to på ei side av vegen og den siste på andre sida. Medan bilbergaren jobbar, har ikkje anna trafikk blitt sleppt forbi.

Kring 08.50 har bergingsbilen fått flytta èin av bilane vekk frå ulykkesstaden.

Glatte vegar skal vere årsaka

110 Vest stadfestar overfor NH klokka 09:06 at det ikkje har vore meldt om nokre personskadar som følge av ulykka.

– Det har heller ikkje vore synlege lekkasjar på staden. Airbags er utløyst i to av bilane, seier vaktkommandør Shahrooz Lahotti.

Etter klokka 09:00 var brannvesenet ferdige på staden, og politiet hadde tatt over oppdraget.

Det er snakk om at glatt føre på staden skal ha forårsaka ulykka, ifølge Lahotti.

– Det er stort sett det oppdraga går ut på i desse dagar. Slik eg har forstått det har ulykka samanheng med det flotte vêret. Underteikna håpar det regnar vekk snart. Det kjem like overraskande på oss kvart år, seier Lahotti og ler.

Lahotti er takksam for at ulykka ikkje fekk alvorlegare konsekvensar.

Etterforskar saka

– Politiet følger opp hendinga, og vi har tatt avhøyr på staden, seier politistasjonssjef, Kjell-Idar Vangberg.

Han kan legge til at lokalt politi har tatt over oppdraget på staden.

– Det kjem nok heilt sikkert til å bli oppretta sak på ulykka, men ingen involverte har fått førarkortet inndrege.

Også Vangberg presiserer at det ikkje skal vere snakk om alvorlege personskadar som følge av ulykka.