Vest politidistrikt melder onsdag morgon om ei trafikkulykke på E39 i Alver.

Ulykka skal ha skjedd i Eikangervåg ved Fyllingsnes klokka 07.16. Tre bilar med tilsaman seks personar skal vere involvert.

Ifølge politiet dreier det seg om påkøyrsel bakifrå.

Per no er det ikkje meldt om personkadar.

Airbagane er ikkje utløyst og det er heller ingen lekkasje på ulykkesstaden. Alle bilane er køyrbare, og det er berre mindre materielle skadar, ifølge politiet.

Trafikken går som normalt.

Det er 70-sone på staden.