Tre bilar i kollisjon i Fløyfjelltunnelen

Ei kvinne skal vere lettare skada.

DEL

Fløyfjelltunnelen er stengd i nordgåande retning etter eit trafikkuhell, melder vegvesenet. Tre bilar skal ha vore involvert i ein kollisjon.

Det blir omkøyring via sentrum, og trafikale utfordringar må påreknast, skriv vegvesenet.

Brannvesenet melder at alle skal vere ute av køyretøya.

Ei kvinne skal vere lettare skada, og er sendt til legevakta.

Bergingsbil er på veg, og tunnelen forblir stengd.

16.54 melder politiet at begge felt er opna.

I følge vegvesenet står køen til Fjøsangerveien, og trafikken går sakte gjennom sentrum. Det kjem til å ta tid før det løyser seg opp.

Artikkeltags