– No har me avslutta aksjonen og me har ikkje funne noko. Det er ikkje meldt om personar som er sett på brua eller i området rundt og me finn ingen ting.

Det seier operasjonsleiar Per Algrøy ved Vest politidistrikt til avisa Nordhordland i 1640-tida, laurdag ettermiddag.

Då hadde luftambulansen, forsvaret, brannvesenet og ei rekkje sivile båtar samt folk på land deltatt ein større redningsaksjon etter at vitne hadde meldt frå om tre ulike sko som stod på Nordhordlandsbrua og vitna frykta nokon hadde hoppa frå brua.

– Me trur ikkje det har vore nokon der, seier Algrøy.

– Kva får de dykk til å tenkja?

– Det var tre ulike sko, ingen av dei var par. Samstundes har det vore arbeid på brua, seier han.

Dermed har dei pakka saman redningsaksjonen og Algrøy seier at dersom det ikkje kjem inn nye opplysningar vil ikkje saka verta følgt opp vidare frå deira side.

– Kan det vera snakk om ein form for morbid spøk?

– Nei, me trur ikkje det. Det er snakk om attgløymde sko i ein eller annan samanheng, seier han.

Det var i 1520-tida tipsa byrja å komma inn til både media og politi. Då stod køane i området ved Nordhordlandsbrua i ro og byrja å verta lange.