Trassa tøffe vêrforhold i historisk rotur til minne om St. Sunniva: – Her var det godt vaksne folk som kunne ro

Dei var med på eit historisk oppdrag, mannskapa i dei tre båtlaga frå Alver som rodde frå Lygra til Hamre. Sunniva-seglasen langs Kystpilegrimsleia var ei markering av at det i år er 850 år sidan flyttinga av skytshelgen Sunniva sine levningar frå Selja til Bergen.