– Når det er fint vêr så luktar det silo. Det har lege midt i bygda sidan før pinse, og bygdefolket er leie. Eg veit det har vore klaga til kommunen, er beskjeden Nordhordland får frå ein innbyggar i Brekke tysdag.

Folk i området er òg irriterte over dei opplagte miljøproblema knytt til at plasten ligg ubeskytta i vêr og vind.

Bakgrunnen opphopinga av plast på kaiane i kommunen er ei innsamling av gamal rundballeplast, i regi av bondelaget og Gulen kommune. Dei siste åra har det vore vanskeleg for bøndene å bli kvitt slik plast, men no skal ei ny ordning gjere det lettare.

– Før den kjem i gang blei det bestemt at det var behov for ein runde for å samle opp plast som har bygd seg opp siste åra. Bondelaget tok initiativ og har samarbeidd med kommunen, seier landbrukssjef Håvard Tveit i Gulen onsdag morgon.

Han forklarar vidare at bakgrunnen for at plasten blei liggande ute i bygdene lenger enn den skulle, handlar om at transportøren som skulle hente plasten, fekk problem med sjåfør og bil.

– Innsamlinga er i gang no. Det er fleire innsamlingspunkt i Gulen, så eg kan ikkje garantere at plasten er borte frå alle allereie, men på Brekke blei den blei fjerna i går. Den var borte då eg køyrde forbi i går kveld, seier Tveit.