Namna frigitt etter dødsulykka på E16

To unge menn fra Vaksdal kommune omkom i en MC-ulykke natt til torsdag.

To unge menn fra Vaksdal kommune omkom i en MC-ulykke natt til torsdag.

Artikkelen er over 1 år gammel

Det var Knut Skjervheim Vedaa (19) og Nickolay Rørgård Faugstad (22), som omkom i MC-ulykka på Dale natt til torsdag.

DEL

Dei to sat på same motorsykkel, og omkom i ei ulykke i 70-sona like ved Camillas Kro natt til torsdag. Politiet fekk melding om ulykka klokka 01.40.

Ambulansepersonell forsøkte livreddande førstehjelp, men måtte etter kvart gje opp.

– Dette er ei tragisk ulykke, sa konstituert lensmann på Voss, Robert Veseth til BA torsdag.

Begge to var frå Stamnes i Vaksdal kommune. Politiet frigir namna i samråd med familiane til dei to.

Politiet har inga vitne til sjølve ulykka, og årsaka etterforskast. Politiet opplyste at dei ikkje har opplysningar om at andre køyretøy var involvert i ulykka.

Kriseteamet i Vaksdal kommune vart mobilisert torsdag morgon, og vart sett inn for å vareta dei pårørande. Kriseteamet består av lege, prest, miljøarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, to helsesøstrer og to psykiatriske sjukepleiarar.

Mellom klokka 15.30 og 16.30 fredag skal det på ulykkesstaden arrangerast ei minnesmarkering for dei to avdøde. Vegtrafikksentralen melder derfor om redusert framkomst i det gitte tidsrommet, i tillegg til at dei ber trafikantar vise omsyn.

Artikkeltags