To omkom i MC-ulykke på Dale i natt

Brannvesenet og politiet driv opprydings- og åstadsarbeid i 07.15-tida. Brannvesenet har spylt vegbana grunna oljesøl.

Brannvesenet og politiet driv opprydings- og åstadsarbeid i 07.15-tida. Brannvesenet har spylt vegbana grunna oljesøl. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

To personar er døde etter ei ulykke på E16 ved Dale natt til torsdag.

DEL

Siste: Vegen er opna igjen.

Operasjonsleiar i politiet, Morten Rebnord, opplyser til BA at dei fekk melding om hendinga klokka 01.40.

– To personar var medvitslause. Det var føraren og passasjeren på motorsykkelen, seier Morten Rebnord.

Stadfesta døde på staden

Liva deira sto ikkje til å redde. Personane vart stadfesta døde på staden klokka 02.20 og 02.45.

Ulykka reknast som ei singelulykke.

– Vi har ikkje vore i kontakt med pårørande enno. Eg ønsker dermed ikkje å gå ut med verken alder eller kjønn på dei omkomne, seier operasjonsleiaren.

Ulykka skjedde på E16 i 70-sona på Dale, like før Camillas Kro dersom ein kjem køyrande frå Bergen.

Saka held fram under bildet

Inga vitne

Begge dei to omkomne sat på motorsykkelen. Det er ingenting som tyder på at andre køyretøy har vore involvert.

– Vi har inga vitne som har sett eller høyrd ulykka, og som kan gi oss svar på kva som har skjedd i forkant her. Krimteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa frå Statens vegvesen har gjort undersøkingar for å sjå om vi kan finne noko som kan gi ei forklaring på kva som har skjedd, fortel innsatsleiar Ivar Kvant i politiet.

Saka held fram under bildet

Han seier politiet antar at motorsykkelen har køyrd frå Dale mot Stanghelle.

– Det var ein tilfeldig forbipasserande som oppdaga ulykka, og ringde politiet cirka klokka 01.40. Ambulanse var først på staden, og sette i gong livreddande førstehjelp, men måtte etter noko tid konstatere at det ikkje var mogleg å redde liva til dei to, seier Kvant.

Dei to avdøde er unge menn på 19 og 22 år. Dei er høyrer heime i Vaksdal kommune.

Motorsykkelen er henta av bergingsbil, og blir tatt med til biltilsynet.

– Der vil det bli gjort ein sjekk for å sjå om det er noko mekanisk med motorsykkelen som kan gi ei forklaring på kva som har skjedd. I tillegg har brannvesenet spylt vegbana for oljesøl, seier Kvant.

Saka held fram under bildet

Var stengt

Vegen var lenge stengt, og det var lokal omkøyring. Omkøyringsvegen er smal, og ikkje egna for tungtrafikk.

Vegen vart opna igjen klokka 07.35.

– Vi kan ikkje sei noko om årsaka til ulykka foreløpig. Det vil rapporten frå dei som jobbar på staden avdekke, seier operasjonsleiar Rebnord.

Dette er den andre dødsulykka i Hordaland på kort tid. Måndag omkom ei 56 år gammal kvinne frå Lindås i ein frontkollisjon i Furubergtunnelen mellom Seim og Hundvin.

Artikkeltags