Bil hamna i elv: Tre personar til Haukeland

Fire personar sat inni denne bilen då den køyrde i elva.

Fire personar sat inni denne bilen då den køyrde i elva. Foto:

Alle naudetatane rykte ut til ulykke i Gulen.

DEL

Onsdag kveld like før klokka 22, blei det meldt om ei trafikkulykke i Gulen.

– Ein bil har køyrt av vegen og ned i ei elv. Det var fire personar i bilen og alle skal ha kome seg ut. Dei opplyser at dei er «mørbanka», melde Vest politidistrikt.

Dei involverte skal vere ein mann og ei dame i 50 åra, ein mann i 30-åra og ein mann i slutten av 20-åra.

Tre til Haukeland

Ambulansen var på staden like over klokka 22.

– Dei melder om tre pasientar den eine har fått kutt i ei hand. Men alle skal vere oppegåande, fortalde operasjonsleiar Per Algrøy til Firda.

Like etter blei det meldt at tre av personane blei frakta til Haukeland. Den fjerde personen blei køyrt til sjekk på legevakta i Knarvik.

Veit ikkje kva som har skjedd

– Vi har ikkje fått snakka med dei involverte enno, og vi veit ikkje kvifor bilen køyrde av vegen. Det skal ha vore snø, slaps og litt glatt på staden, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg til Strilen.

Vidare seier Vangberg at ulykka kunne ha vore mykje verre, og at dei no etterforskar saka vidare.

Artikkeltags