Gå til sidens hovedinnhold

Bil med tre personar i gjekk rundt i 80-sone

Artikkelen er over 2 år gammel

Klokka 21.20 fekk politiet i Nordhordland inn meldingar om ein bil som har gått rundt på E39 ved krysset mot Mo/Modalen i Romarheimsdalen. På denne strekninga er fartsgrensa sett til 80 km/t.

Det skal ha vore tre personar i bilen, og alle tre var medvitne etter ulykka. Dei har også kome seg ut av bilen.

Naudetatane rykka kjapt ut til staden, og politiet varslar om redusert framkomst på staden.

– Bilen har hatt ein kraftig oppbremsing som førte til at den køyrde av vegen og rulla ned ein skråning, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt til BA.

Bilen landa dermed på taket.

– Det var store skadar på bilen, men dei tre personane er uskadd. Dei blir undersøkt av helsepersonell på staden, seier Halleraker.

Vegen er ikkje stengt, men politiet driv dirigering på staden. – Det er ikkje så mykje kø på denne tida av døgnet, men det er redusert framkomst på staden, skriv Bergensavisen.

Kommentarer til denne saken