Bil i fjellveggen i Fløyfjellstunnelen

Tunnelen var stengt i retning sør. Lange køer fra Åsane.

DEL

BA: SISTE: Fløyfjellstunnelen opna i sørgåande retning klokka 1600.

Klokka 1458 fekk politiet melding om ei trafikkulykke i Fløyfjellstunnelen i retning sentrum. Tunnelen vart umiddelbart stengt.

Ein bil har køyrt i tunnelveggen rundt 1300 meter inn i tunnelen frå nord.

– Begge tunnelløp vart stengt til naudetatane hadde oversikt, opplyste Vegtrafikksentralen.

Klokka 1506 vart det nordgåande løpet opna igjen, slik at trafikken nordover går som normalt.

– Tunnelen vil nok vere stengt ei stund, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Ronny Sleire.

Eit brannsløkkingsapparat vart fjerna i det sørgåande løpet. Difor vart også nordgåande løp stengt.

– Dette gjer vi fordi det andre tunnelløpet brukast til evakuering dersom det er brann. Så inntil vi får oversikt, så stenger vi alltid begge løp når eit brannsløkkingsapparat fjernast, forklarer Sleire.

Omkøyring er via fv580 Hardangerveien eller via Bryggen og sentrum.

I sjokk

– Vi er på staden, og det var ein person i bilen som har kollidert. Vedkommande har komme ut av bilen, og fremstår oppegåande, men vil bli tilsett av helse. Det er litt oljesøl på staden, og vi er i gang med oppryddningen, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Ole Jakob Hartvigsen.

Klokka 1537 melder politiet på Twitter at føraren av bilen er køyrt til legevakt med mindre kuttskadar. Vedkommande fresmtår som litt i sjokk, melder politiet.

Ulykka skal ha skjedd i forbindelse med feltskifte, då den eine bilen kom i kontakt med ei annan bil.

Mannen i 60-årene som køyrde bilen mistenkast ikkje for å ha køyrt i påverka tilstand. Førarkortet hans er beslaglagt.



Statens vegvesen

Artikkeltags