Trafikkulykke på Grasdal

DEL

Onsdag klokka 11:18 rykte politiet ut til ei trafikkulykke på Grasdal.

– To bilar og tre personar involvert, skriv politiet på Twitter.

Vidare opplyser politiet om at det skal ha skjedd ei påkøyrsle bakfrå.

– Alle personar er vakne og bevisst, ingen er fastklemt.

Dei melder om redusert framkomst på staden.

Har du tips til oss frå trafikken? Ta kontakt på vår vakttelefon 916 20 916 eller sendt sms med kodeord «NHTIPS» til 2005.

Artikkeltags