Trafikkulykke på Ådlandsvegen

Bilen køyrte inn i ein murkant på Ådlandsvegen. Det skal ha vore ein mindre lekkasje frå bilen, som brannvesenet handterar.

Bilen køyrte inn i ein murkant på Ådlandsvegen. Det skal ha vore ein mindre lekkasje frå bilen, som brannvesenet handterar. Foto:

Ei kvinne i 20-åra er sendt til Haukeland sjukehus for sjekk etter ulykka.

DEL

Tysdag klokka 09.50 melder brannvesenet på Twitter at det har vore ei trafikkulykke på Ådlandsvegen i Alver.

Politiet skriv at ulykka skal ha skjedd ved avkøyrsla mot Litlebergen. Ein bil skal ha køyrt i ein murvegg og airbagen har blitt utløyst.

Det skal ha vore ein vaksen og to born i bilen, og alle skal vere ute og oppegåande.

– Folka hadde komme seg ut av bilen på eiga hand, opplyser vaktkommandør Håkon Myking ved 110-sentralen til BA.

Uvisst kva som skjedde

Kva som leia til ulykka er enno ikkje kjent.

Klokka 10.05 melder politi at både patrulje og ambulanse er framme på staden. Bilføraren, ei kvinne i 20-åra blir tatt med til Haukeland sjukehus for sjekk. Skadeomfang er ikkje opplyst.

Borna, som er 2 månader og 1 år gamle, er begge uskada.

Det skal vere ein mindre lekkasje frå bilen. Den blir handtert av brannvesenet. Det skal òg vere ein del materielle skader.

Trafikk passerer på staden.

Artikkeltags