Trafikkuhell ved golfbana på Fløksand

Klokka 08.15 melder Vest politidistrikt om eit trafikkuhell på Meland. 

DEL

Laurdag morgon rykka politiet ut etter ei melding om ein moped som skal ha sklidd like ved golfbana.

Operasjonsleiar Per Algerøy fortel at mopeden som var involvert raskt blei fjerna frå vegbana.

Han fortel vidare at det er tilsynelatande små skader på førar av mopeden.

Ingen andre skal ha vore involvert i uhellet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken