Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkuhell på Nordhordlandsbrua

Det skal ha vore eit trafikkuhell mellom to personbilar på Nordhordlandsbrua, melder Vegtrafikksentralen vest klokka 13.57.

Politiet er på veg til staden.

Det er redusert framkomst på E39 over brua.

Til BA seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt at det er snakk om ei påkøyrsle bakfrå.

Dei involverte framstår som uskadde.

– Partane fyller ut skademeldingsskjema sjølv, opplyser Rebnord.

Kommentarer til denne saken