Klokka 17.15 laurdag melde Vest politidistrikt om eit trafikkuhell på Frekhaug.
To bilar skal ha vore involvert og ein bil skal ha køyrt inn i sida på ein annan på fylkesveg 564.
Ifølge politiet skal ikkje uhellet ha skjedd i stor fart. Alle involverte personar er ute av bilane.
Naudetatane er sendt til staden.
– Det var tre personar involvert i ulykken. To av dei er køyrd til Haukeland. Alle var bevisste etter hendinga, seier operasjonsleiar Per Algrøy i politiet til BA.
Eit bilde frå ein Nh-tipsar viser at ein av bilane står midt i vegbana med skadar bak og utan venstre bakhjul.
Vegen vart difor sperra etter ulykka.
– Mykje kø i området. Begge bilar må ha bilbergar, melde politiet i 17.30-tida.
Ca. klokka 18 vart vegen opna att, melder politiet.
Har du tips til oss? Send melding til 2005 med kodeord «NHTIPS» eller ta kontakt på vår vakttelefon 916 20 916.