Trafikkulykka skjedde i Sævrøyvegen på Austrheim.
– Bil har køyrd i autovern, står det i meldinga.
Bjarte Rebnord frå Vest Politidistrikt seier til Avisa Nordhordland at bilen sklei ut av vegen.
Alle personane i bilen skal ha komme seg ut av bilen.
– Det er totalt tre personar som er involvert, ein vaksen og to born, seier Rebnord.
Desse er køyrd til lokal legevakt til sjekk. Skadeomfanget er uvisst.
– Det er veldig glatte vegar Austrheim-området, åtvarar Rebnord.
Politiet har også meldt på twitter at fleire vegar i Nordhordland er svært glatte.