Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkuhell i Matrebergtunnelen

Tunnelen vart stengt etter at ein bil punkterte. No er tunnelen opna, og det er manuell dirigering.

Matrebergtunnelen på E39 er stengt etter eit trafikkuhell i tunnelen.

– Det er uklart kva som har skjedd, men ein bil har punkter på to hjul, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Politiet fekk melding om hendinga 13.26 fredag ettermiddag.

Det skal ikkje vere snakk om personskade, og det er berre ein bil som er involvert i uhellet.

Klokka 14.03 melder politiet at tunnelen er opna att, og at det er manuell dirigering på staden.

Brannvesenet er på staden og bilbergar er på veg.

Kommentarer til denne saken