Trafikkuhell: Bil har køyrt utfor

Torsdag ettermiddag køyrde ein bil utfor på Seim.

DEL

Ein bil skal ha køyrt utfor på Seim i Lindås. Trafikkuhellet vart meldt inn klokka 17:11 torsdag ettermiddag, opplyser Vest politidistrikt.

Bilen køyrde av Lurevegen, og står plassert på ein betongkant i ein sving.

Ingen personar vart skada i ulykka.

Trafikken går som normalt, og politiet er på staden saman med førar av bilen.

Artikkeltags