Sjå deg for – september er den farlegaste månaden for syklistar

FARLEG HAUSTMØRKE: På hausten er syklistane mindre synlege i trafikken om dei ikkje brukar lys eller refleks.

FARLEG HAUSTMØRKE: På hausten er syklistane mindre synlege i trafikken om dei ikkje brukar lys eller refleks. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Flest sykkelulykker skjer i september. Det syner statistikken.

DEL

(Firda) I løpet av dei ti siste åra har 13 syklistar mista livet i trafikken, 21 har vorte alvorleg eller livstruande skadd og 468 har vore utsett for ei trafikkulykke med lettare eller moderate skadar.

Flest ulykker i september

Månadsoversikta dei ti siste åra syner at det skjer flest ulykker i august og september,skriv Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Talet for august er 66 trafikkulykker med syklist innblanda, medan talet i september månad er på 71. Det lågaste talet er i januar, med seks ulykker.

Mange bruker ikkje lys eller refleks

– Haustmørket kjem overraskande på mange som gløymer å gjere seg ekstra synlege på kvelden. Sykkellykt og refleks er ei billig investering. Likevel vel mange å ikkje bruke desse tinga. Det er å gamble, med livet som innsats, seier Øyvind Setnes, førebyggingsekspert i Tryg Forsikring.

1150 kroner i bot

Blir du teken av politiet utan lys på sykkelen risikerer du å få ei bot på 1150 kroner. Kjem du susande i haustmørket utan sykkellys er du ikkje synleg før avstanden er under 30 meter for ein bilist med nærlyset på. Har du refleks på, ser bilisten deg på mykje lenger avstand i mørket.

– Likevel ser vi ofte syklistar i høg fart i haustmørket, heilt utan nokon form for lys eller refleks. I tillegg veit vi at skulevegar som er dårleg lyst kan vere veldig trafikkert om morgonen før det vert skikkeleg lyst. No som sommaren er over er det ekstra viktig å gjere seg synleg, og lykter og refleksar er det viktigaste du kan ha på sykkelen og deg sjølv, seier Setnes.

Fem tips for å gjere sykkelen klar til skulestart 

Flest menn

Statistikken for dei ti siste åra fortel at 67 prosent av dei som er innblanda i ulykker på sykkel er menn, dei fleste av dei over 35 år.

90 prosent av tilfella kor syklistar er innblanda skjer i samanstøyt med personbil. Geografisk skjer dei fleste ulykkene i dei store byane, med 104 ulykker i Oslo.

Sogn og Fjordane ligg nest nedst på lista med tre ulykker dei siste 10 åra.

Artikkeltags