Torsdag ettermiddag var politiet i Isdalstø og hadde ein åtferdskontroll i trafikken med fokus på bilbelte og mobilbruk. Og resultatet var svært nedslåande, sett med politiets auge.

Heile 36 forenkla forelegg vart skriven ut på den tida politiet stod i Isdalstø. Det betyr at på den tida politiet var på staden hanka dei inn 61 200 kroner i bøter grunna nordhordlendingar som hadde noko viktig dei skulle ha sagt, sendt eller lest medan dei køyrde bil.

– Det er alt for mykje, det er nedslåande tal. Det vil eg seia.

 

Det seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre til avisa Nordhordland.

Kontrollen varte i litt over to timar og vart avslutta like over klokka 16. Det var ingen som vart bøtelagd for manglande bilbeltebruk.