– Mange ruller rundt med svarte barnevogner med berre ein liten refleks på sida, det er ikkje godt nok, seier politioverbetjent Svein Arne Hatlevik.
No får alle nybakte foreldre i Nordhordland delt ut eit spesiallaga refleksband til bruk på barnevogn.
LES OGSÅ: – Vil at elevane blir sett
Refleksbandet vert delt ut på det første heimebesøket.
Trafikktryggleik og sikring av barn i bil er eit viktig tema for helsesøster, og vert teke opp som eige tema på det første heimebesøket rundt 14 dagar etter fødselen.
LES OGSÅ: Startar babykino på Manger
Det er trafikkfagleg samarbeidsutval (TSU) i Nordhordland som har kjøpt inn refleksbanda, som eitt av fleire trafikktryggleiksprosjekt som vert gjennomført med midlar frå Gjensidigestiftelsen.