Gå til sidens hovedinnhold

Trafikken går som normalt mot Bergen etter kjedekollisjon

Vest politidistrikt melder om eit trafikkuhell i Sandviken i retning sentrum.

(BA): E39 Sandviken i Bergen, retning mot sentrum, før Fløyfjellstunnelen. Trafikkulykke. Skaper kø mot sentrum. Politi på veg, melder Vegtrafikksentralen vest på Twitter klokka 0749.

Politiet er no på staden.

– Det har vore ein kjedekollisjon mellom tre bilar, ikkje meldt om personskadar, heiter det i ei Twitter-melding frå Vest politidistrikt klokka 0804.

I ei oppdatering klokka 08.08 skriv Vegtrafikksentralen Vest på Twitter at vegen er open etter bilberging og at trafikken går som normalt. Køen strekkjer seg no tilbake til Glaskartunnelen.

Kommentarer til denne saken