Fleire fjellovergangar er stengt

STENGT: Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt. Her er eit bilde i dag tidleg frå Statens vegvesen sitt webkamera.

STENGT: Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt. Her er eit bilde i dag tidleg frå Statens vegvesen sitt webkamera. Foto:

Vegtrafikksentralen melder at Sognefjellet, Gaularfjellet og Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr.

DEL

(Firda): Vegtrafikksentralen Vest melder om fleire stengde vegar på grunn av uvêr torsdag morgon:

  • Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er stengt på grunn av uvêr. Dei vil gjere ein ny vurdering om vegen kan opnast klokka 18.00.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland er stengt.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt.
  • Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt.
  • Vegtrafikksentralen melder også at Fylkesveg 53 mellom Hyen-Årdal kan bli stengt på kortvarsel.
  • Det er kolonnekøyring for alle køyretøy på Riksveg 7 over Hardangervidda, melder Vegtrafikksentralen Vest klokka 06.30 torsdag morgon. Første kolonne går klokka 07.

Ferja på Fylkesveg 57 mellom Leirvåg og Sløvåg er no innstilt på grunn av uvêr.

Klokka 07 meldast det at Hemsedal er open, men vegen kan bli stengt i løp av dagen.

Artikkeltags