Trafikkuhell på Hagelsundbrua

DEL

(BA) Litt etter klokka 1400 melde politiet om eit trafikkuhell på Hagelsundbrua mellom Lindås og Meland.

To biler er involvert. Ingen personar blei skadde.

Trafikken blei ståande, og politiet rykkte ut.

Like før klokka 1430 opplyser avisa Nordhordland at vegen er opna, og at trafikken går sakte på staden.

– Ein av bilane var ikkje køyrbar. Det var ein bil som hadde køyrt på ein annan bil. Det var ingen personskadar. Dette blir ein sak mellom partane, og ikkje ein sak for politiet, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre.

Artikkeltags