Frontkollisjon på Hylkje

DEL

Like før klokka halv seks laurdag ettermiddag rykte politiet ut til ein frontkollisjon på E39 ved Hylkje.

Først melde politiet at tre bilar var involvert i hendinga, men dette vart seinare retta til to bilar. Dei skal ha treft kvarandre front-mot-front. Fem personar er involvert.

Dei involverte skal vere tilsynelatande uskadd, og ambulanse er på staden. Det er også politiet, som sørgjer for at trafikken går greit forbi ulykkesstaden.

– Det ser ikkje så dramatisk ut, og det er ikkje store materielle skadar, seier operasjonsleiar Per Algerøy til BA.

Saka blir oppdatert.

Artikkeltags