Bil køyrde av vegen på Radøy

Ein forbikøyrande melder om ein bil som har køyrd utfor vegen på Radøy.

DEL

Ulykka skal ha skjedd rett etter Kolås på veg mot Manger, i ein krapp sving.

Tipsar melder om at det kan vere glatt på vegen, og oppfordrar folk til å køyre forsiktig.

– Det var glatt i svingen, og bilen sklei som følge av vegen, melder lensmann Kjell Idar Vangberg.

Han fortel at det var nokon materielle skader på bilen, men at det ikkje var snakk om personskade.

Artikkeltags