Trafikkulukke på Eidslandsvegen

DEL

Det har vore ei trafikkulukke mellom to personbilar på Eidslandsvegen ved Rekaviki like før klokka 16.00 torsdag ettermiddag.

Det skal vere tre personar involvert, og alle naudetatar rykka ut til staden.

Brannvesenet er først framme på staden.

– Dei melder at alle dei involverte er bevisste og oppegåande. Ein av dei klagar over brystsmerter, seier Tatjana Knappen ved Politiet sin operasjonssentral.

Ein av bilane skal vere utanfor vegen og ligg i ein skråning. Det er 80-son på staden og airbagane skal vere utløyste, melder Knappen.

Det vart først meldt at ulukka skjedde i Modalentunnelen, men rett stad er altså Eidslandsvegen, opplyser politi og brannvesen på Twitter.

Artikkeltags