Tatt for promillekøyring på Mongstadvegen

Ein UP-patrulje stoppa ein bilførar i Lindås laurdag for promillekøyring.

DEL

Det skriv Vest politidistrikt på Twitter laurdag ettermiddag.

– Det vart gjort utslag på alkometeret og UP køyrde han til ein utvida blåsetest. Han hadde førarkort, så då vert det nok førarkortbeslag, seier operasjonsleiar Morten Rebnor.

Mannen vart sopppa på Mongstadvegen, som går frå Lindås til Mongstad, klokka 14.15 laurdag.

Artikkeltags