Fekk stillas gjennom frontruta: Ein person sendt til sjukehus etter ulykke på Nordhordlandsbrua

DEL

Ein person er sendt til Haukeland universitetssjukehus for nærare sjekk etter ei ulykke på Nordhordlandsbrua, tysdag morgon.

– Det me har fått melding om er at eit køyretøy har skjena ut og treft gjerdet på staden, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre, til avisa Nordhordland.

Naudetatane fekk melding om ulykka klokka 0807.

Det skal berre ha vore ein bil som var involvert i ulykka. Det var to personar i bilen.

– Ein person er sendt til Haukeland universitetssjukehus for nærare sjekk, seier Sætre.

Nordhordlands journalist på staden seier at jernstag frå stillasa på brua går gjennom frontruta på bilen som er involvert. Nordhordlandsbrua har vore gjennom årevis med oppussing og det er i det området som det no vert gjort arbeid på, ulykka har skjedd.

Sætre i politiet seier personen det er snakk om skal vera medviten og oppegåande då vedkomande vart sendt til sjukehus. Den andre personen som var i bilen står fram som uskadd.

Det er lange køar på staden etter ulykka.

– Me prøver å dirigera trafikken forbi, men det hopar seg raskt opp att, seier Sætre.

Han seier dei no har fokus på å rydda opp på staden og få bilen vekk, så dei kan få trafikken i gang att.

– Deretter vil me gjera vidare undersøkingar og gjennomføra avhøyr av eventuelle vitne til ulykka, seier han.

Dei reknar med å opna vegen for fri flyt innan 09.30.

Artikkeltags