Masfjordtunnelen vart stengt: Lange køar

Eit dekk på eit vogntog skal ha eksplodert.

DEL

I 14-tida i dag melde Vegtrafikksentralen om at Masfjordtunnelen vart stengt. Det skal ha vore eit dekk på eit vogntog som eksploderte.

Tunnelen vart opna igjen 14:50. Vogntoget står framleis tunnelen, i eit felt mot Bergen. Ifølge BA er det måndag ettermiddag lange køar på staden, men desse er forventa å losne no når tunnelen er open.

– Det er nok mykje trafikk som skal gjennom no. Det tar antakelegvis nærmare to timar til før tungbilberger er på plass, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Morten Hansen til BA.

Artikkeltags