Lastebil mot personbil i Lindås: Ein person stadfesta død

Politiet har stengt fylkesveg 57 mellom Seim og Hundvin grunna trafikkulykka.

Politiet har stengt fylkesveg 57 mellom Seim og Hundvin grunna trafikkulykka. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet stadfestar at ei kvinne er omkomen i trafikkulykka mellom ein lastebil og ein personbil på fylkesveg 57.

DEL

Like etter klokka 11 måndag melde 110 Hordaland-sentralen på Twitter om ei trafikkulykke i Furubergtunnelen på fylkesveg 57 i Lindås. Tunnelen er no stengt, melder Vegtrafikksentralen. Politiet dirigerer no trafikken ned mot Seim, og oppmodar store køyretøy til å finna andre ruter.

Erklært død på staden

Etter ein frontkollisjon mellom ein lastebil og ein personbil i 80-sona mellom Seim og Hundvin, skal føraren av personbilen ha vore medvitslaus. Dette gjorde at brannvesenet gjekk i gong med hurtigfrigjering av personen. Like før klokka halv 12 stadfesta Politiet på Twitter at føraren av personbilen var omkomen.

Politiet fekk først melding om ulykka klokka 10.50, og personen vart bekrefta omkomen klokka 11.15, melder BA.

Klokka 12.45 melde politiet at personen som mista livet er ei kvinne i 50-åra frå Nordhordland. Dei pårørande er varsla, og namnet vil ikkje bli frigitt i dag.

Den raude pilen viser Furubergtunnelen der ulukka har funne stad.

Den raude pilen viser Furubergtunnelen der ulukka har funne stad. Foto:

– Vi fekk melding om ein kraftig frontkollisjon. Ein person var fastklemt, fortel operasjonsleiar ved politiet, Morten Rebnord, til BA.

– No vil vi jobbe med å ivareta ulykkesstaden, gjere åstadsundersøkingar og avhøyre vitner, opplyser han vidare.

Politiet jobba med identifisering og vil deretter varsle dei pårørande til den omkomne. Statens havarikommisjon og ulykkesgruppa til Statens vegvesen er også varsla om ulykka. BA melder også om at sjåføren av lastebilen skal vere fysisk uskadd, og blir ivaretatt.

Omkøyring

Kvart over 12 vart tunnelen stengt og rydda for bilar, og politiet sette kjapt i gang med dirigering av køyretøy ned mot Seim, og oppmoda store køyretøy til å finne andre ruter.

Vegtrafikksentralen melder om at det er omkøying for personbilar via Seim og Kleivdalen, medan vogntog må køyre om fylkesveg 565 via Radøy eller fylkesveg 396 via Myking.

Furubergtunnelen mellom Seim og Hundvin vart klokka 11 stengt grunna frontkollisjon mellom lastebil og personbil.

Furubergtunnelen mellom Seim og Hundvin vart klokka 11 stengt grunna frontkollisjon mellom lastebil og personbil. Foto:

Vegen vil truleg vere stengt ei god stund. Slik ser køen ut klokka 11.50.

Vegen vil truleg vere stengt ei god stund. Slik ser køen ut klokka 11.50. Foto:

Artikkeltags