Trafikkulukke i Masfjorden

Ein bil har køyrt utfor vegen i Haugsvær i Masfjorden. To personar var i bilen og det er trafikkdirigering på staden til bilbergar har fått rydda vekk bilen.

DEL

Det er éin bil som har køyrt utfor vegen, i relativt låg fart. Politi, bilbergar og ambulanse har kome til staden. Dei to involverte vert sett til av helse, seier innsatsleiar brann Jon Kjetil Strand.

Stasjonen på Matre er berre fem minutt unna, så brannvesenet var på staden kjapt. Bilbergaren kom frå Haugsvær auto.

– Det er dirigering på staden til bilen er rydda vekk. Etter det vil nok trafikken løysa seg opp til normalt ganske kjapt, seier Strand.

Artikkeltags