Fløyfjellstunnelen opna att

Fløyfjellstunnelen er stengt i retning Åsane. Opna for trafikk att 10.10 fredag.

DEL

(BA): Statens vegvesen opplyser klokka 09.18 at Fløyfjellstunnelen er stengt etter at eit vogntog tok oppi tunneltaket.

– Ein lastebil har teke oppi høgreavgrensaren i tunnelopninga. Det er litt uvisst kor mykje som må gjerast før tunnelen opnar att, seier trafikkoperatør Jan Erikstad i Vegtrafikksentralen til Bergensavisen.

– Dette er noko som skjer ganske ofte, det er ulike høgder på tunnelen, seier han.

Ifølgje politiet det ramla ned nokre gjenstandar i vegbana etter at vogntoget tok oppi taket. Entreprenøren er på staden og vurderer situasjonen.

Klokka 10.10 opna tunnellen for trafikk att.

Kjedekollisjon

Også i Nygårdstunnelen er det trøbbel. Han er stengt i eitt felt i retning sentrum etter eit trafikkuhell.

Tre bilar har vore i ein kjedekollisjon, opplyser 110-sentralen. Ifølgje politiet skal det ikkje vera personskadar.

Statens vegvesen opplyser at det er mykje kø over Puddefjordsbroen som følgje av uhellet.

– No hopa det seg opp. Me forsøkjer å halda ope eitt felt i Nygårdstunnelen, og jobbar på spreng med å få fjerna bilane. Trafikken glir sakte på staden, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre Vest politidistrikt.

Artikkeltags