Ulykke bakfrå på Nordhordlandsbrua

Artikkelen er over 3 år gammel

Lange køar.

DEL

Det er lange køar i området ved Nordhordlandsbrua etter at ein bil køyrde i ein annan bil bakfrå i 12.30-tida, onsdag.

– Det er to bilar som er involvert og det er ikkje meldt om personskade, seier operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt til Avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Hordviktunnelen var stengt

Dei ventar på bilbergar, og i mellomtida er det lange køar og manuell dirigering.

Det var i utgangspunktet lange køar i området, etter at Hordvik-tunnelen var stengt grunna gassslukt, og det var i samband med dei lange køane, denne ulykke og oppsto.

Artikkeltags