Fem bilar involvert i ulykke på E39 ved Eikanger

Fyrst kolliderte to bilar, så krasja tre bilar til inn i desse.

DEL

OPPDATERT: To personar vert tilsett av helsepersonell, begge er bevisst, opplyser politiet. Klokka 14.46 melde Vest politidistrikt at to personar blir køyrd til Haukeland universitetssjukehus, medan dei andre fem involverte blir køyrd til legevakt.

Fem bilar er involvert i ulykka, fire av desse er så skadd at dei må hentast av bilbergar, som er rekvirert.

Naudetatane er på veg til ei bilulykke på E39 ved Eikanger bru.

Det skal vera fleire bilar involvert i hendinga. Det melder operasjonssentralen til Vest politidistrikt på Twitter.

– To bilar kolliderte front mot front. Deretter køyrde dei andre bilane inn i desse, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen.

Han seier alle har kome seg ut av bilane og to av dei trengde helsehjelp.

Vegtrafikksentralen opplyser at Eikanger bru på E39 er stengd.

Det oppstod lange køar etter kollisjonen.

Like før klokka 16 melder Vegtrafikksentralen at vegen no er opna att.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags