Gå til sidens hovedinnhold

Desse vegane blir stengde torsdag

Artikkelen er over 4 år gammel

Fleire strekningar blir stengde under andre etappe av Tour des Fjords torsdag.

Skal du køyre nordover, eller heim frå nord, torsdag kan det ta si tid fleire plassar. I samband med at andre etappe av sykkelrittet Tour des Fjords startar i Brekke, blir nemleg fleire strekningar i området stengde i fleire timar.

Syklar gjennom Gulen

Rittet går torsdag frå Brekke i Gulen, E39 til Romarheim, via Modalen til Dale, E16 til Trengereid, Fv 7 til Norheimsund før ein avsluttande runde frå Norheimsund til Øystese.

I vårt område fører dette til at desse vegane blir stengde:

Vegnr Frå Til Stengt Ope
FV1 Brekke FV2 09:00 18:00
FV1 FV2 E39 12:00 14:00
E39 Brekke Romarheim 13:00 14:45
FV569 Romarheim Dale 11:00 16:00
FV346 Modalen Modalen 12:00 16:00


Les også

Slik blir folkefesten under Tour des Fjords

Stenging i Gulen

E39 Instefjord–Romarheim blir stengt for medgåande trafikk ved Instefjord ca. kl. 12:30 til kl. 13:30. Deretter må medgåande trafikk følge bak rittet i ca. 40 km/t (tidstap ca. 45 min). Motgåande trafikk vil bli stansa og samla opp på eigna stader utanfor vegen frå kl. 12:30, og ved Romarheim frå kl. 13:00. Ventetid inn til 1 time. Fri ferdsel etter kl. 14:30.

Romarheim – Dale

FV 569 Romarheim–Modalen–Eidslandet–Stamnes – Dale. Vegen blir stengd for all trafikk minst 1 time før rittet kjem:

  • Romarheim–Modalen ca. 13:00–14:45 Modalen–Eidslandet ca. 13:30–15:00 Eidslandet–Stamnes ca. 13:45–15:15 Stamnes–Dale ca. 14:00 – 15:30

Les også

Samla inn 70.000 på loddsal – No blir Brekkeløypa oppgradert


Kommentarer til denne saken