Gå til sidens hovedinnhold

Tommy Urhaug tok gull – Igjen

Artikkelen er over 5 år gammel

Tapte ikkje eit einaste sett.

– Det var litt som forventa, men det er greitt at eg klarde å gjennomføra det også, seier Urhaug til avisa Nordhordland.

I helga har han deltatt i Malmø open. På fredag tok han gull i lag-klassenog på sundag vart det gull i singel.

– Det var greie kampar alle på søndag. Eg gjekk gjennom alle kampane i turneringa utan å tapa eit sett. Så eg må seia at det gjekk bra, seier han søndag kveld. Då er han på veg til ei turnering i Italia.

– Spelet fungerte greitt, så Malmø var ei grei oppvarmingsturnering før Italia, seier han.

LES OGSÅ: Urhaug til topps i Sverige

Der møter han monaleg hardare motstand. Der kjem heile verdseliten, forutan dei kinesiske bordtennis-spelarane.

Det vert fyrste gong sidan han vann EM-gull i oktober at han møter verdseleiten at.

– Det vert spanande å sjå korleis treninga i vinter har fungert, og om eg har treft rett med førebuingane, seier han.

Målet er sjølvsagt å vinna den turneringa også.

– Men det er og ein test for å sjå om eg må justera noko i treningsarbeidet, seier han.

LES OGSÅ: Tommy Urhaug om å vinna på Idrettsgallaen: – Det er lov å vera stolt!

Urhaug byrjar å verta ein vaksen mann, så han må passa ekstra godt på kroppen. Men han seier den kjennest fin ut.

– Ting har fungert, så eg gler meg til turneringa i Italia og møta dei beste, seier han.

Dei fyrste kampane i Italia byrjar onsdag føremiddag.

LES OGSÅ: Lite feiring av EM-gullet for Tommy

Kommentarer til denne saken