Gå til sidens hovedinnhold

Urhaug til topps i Sverige

Artikkelen er over 5 år gammel

OL-sesongen starta best mogleg for heile Nordhordlands OL-håp

Denne gongen var det Malmø open som Urhaug gjekk til topps i, i dobbelklassen i bordtennis saman med Sebastian Vegsund.

Malmø open er eit av verdas største arrangement for funksjonshemma utøvarar, og i 2015 var det heile 2500 utøvarar i 18 ulike idrettar som deltok.

Det var ein nøgd Urhaug som snakka med avisa Nordhordland fredag kveld.

– Det var kjekt, og sikkert enno kjekkare for Vegsund, seier Urhaug. For medspelaren hans er ikkje eldre enn 15 år!

LES OGSÅ: Tommy Urhaug om å vinna på Idrettsgallaen: – Det er lov å vera stolt!

Fredagens spel byrja halvvegs for Urhaug og co, men han var nøgd med utviklinga i spelet.

– I finalen var me veldig bra. Det var stigning heile vegen, seier han.

Finalen vart vunne 3-0 i sett.

Laurdag skal Urhaug ut mot både funksjonshemma og funksjonsfriske, medan han på søndag skal konkurrera i sin «vanlege» klasse, klasse fem.

LES OGSÅ: Det er en større overraskelse om denne mannen ikke er nominert på Idrettsgallaen enn om han er det

Urhaug har ikkje vore med på Malmø open sidan 2002, men er invitert til turneringa, som er 40 år i år, som heidersgjest.

– Eg ser flyers av meg sjølv i heile byen og på hotellet, seier han og ler.

Malmø open er årets fyrste turnering for Urhaug. Etter søndagens kampar er det rett til Italia for ei storturnering.

– Der stiller dei beste frå heile Europa, sluttar han.

Kommentarer til denne saken