Gå til sidens hovedinnhold

Bruker mental trenar for å sikra EM-gull

Artikkelen er over 5 år gammel

– Dette vert nesten gøyare og gøyare for kvart år

Tommy Urhaug er i Danmark og ladar opp til EM, som byrjar i Vejle på måndag.

Nok ein gong må radværingen med åtte Em-gull sjå seg sjølv som den store favoritten, sjølv om oppladninga har vore langt frå ideell.

Etter to gode turneringar der han stakk av med sigeren i begge, førte eit uhell på kjøkkenet heima til at han fall og knakk to ribbebein. På ingen måte den optimale oppladinga føre EM i haust og OL i Rio til neste år.

LES OGSÅ: undefined

Mental trening

Uhellet førte til at han vart sengeliggande i ein månad, og det gjekk ein månad til etter det før han var klar til å byrja å trena att.

– Det var to viktige månader som gjekk vekk, innrømmer han.

Det gjorde at han gjekk glipp av viktige turneringar og planlagte treningssamlingar.

Men han fekk gjennomført viktig mental trening medan han var skadd. Han har den siste tida byrja eit samarbeid med Britt Tajet-Foxell.

Det var Bergens Tidende som fyrst skreiv om samarbeidet med kvinna som tidlegare har hjelpt Marit Bjørgen, Therese Johaug, Olaf Tufte, Alexander Dale Oen og handballandslaget for kvinner.

– Det heile oppstod litt tilfeldigt, seier Urhaug.

Han hadde tidelgare eit samarbeid med ein annan mental trenar, men det var ikkje nokon suksess for Urhaug. Så etter å ha tatt kontakt med Olympiatoppen, oppstod samarbeidet.

– Det fungerar veldig bra. Ho har funne det eg har etterlyst, dei små tinga som eg forbetra meg på, seier han.

Dei små tinga er dei som kan vera skilnaden i tette kampar. Det handlar om kva Urhaug tenkjer i forkant av kampar, arbeidsoppgåver han må tenkja over og liknande. Og på det viset fekk han utbytte av tida han var skadd også.

– Slik nivået er vorte no, er dette ting som kan skilja siger frå tap, meiner han.

– Ingen plankekøyring

Urhaug er ranka som verdas femte beste bordtennisspelar i rullestolklassen. I sin klasse er han framleis ranka som verdas beste.

– Men det vert absolutt ikkje nokon plankekøyring å ta EM-gull, hevdar han.

– Om alt klaffar og eg har treft med formen, skal det gå greitt fram til semifinalen. Alt etter det er veldig ope, meiner han.

Han største utfordrarar er mellom anna den regjerande verdsmeisteren, tyskaren Valentin Baus. Serbaren Mitar Palikuca vert og ei tøff nøtt, trur Urhaug.

Tommy Urhaug

* 1 OL-gull

* 4 VM-gull

* 8 EM-gull

* 1 VM-sølv

* 4 EM-sølv

* 1 OL-bronse

* 2 VM-bronse

* 1 EM-bronse

Det er eit jamnt startfelt i år, med mange sterke spelarar.

– Det er seks - sju stykk som kan kjempa om å vinna. Det gjer at det er ekstra kjekt å vera med, seier Urhaug.

Han seier at det vert kjekkare og kjekkare å vera med, sjølv om det no er 16 år sidan han tok sitt fyrste EM-gull.

Men EM i Danmnark er ikkje noko anna enn eit delmål på vegen. Det er OL i Rio sommaren 2016 som er det store målet. Difor brukar han EM til å testa ut eit par nye ting i spelet sitt.

Vil ha meir variasjon

– Det er små ting eg vil endra på, som vil overraska motstandarane litegrann, seier han.

Urhaug vil ha meir variasjon i spelet sitt.

– Det er viktig å klara å komma med litt nytt, nok til åoverraska, seier han.

EM byrjar på måndag. Då er det gruppesepel, der dei fire beste vert plassert i kvar si gruppe. Semifinale og finale går alt på onsdag. Korleis det går med Urhaug får du med deg her på Nordhordland.no

Kommentarer til denne saken