Gå til sidens hovedinnhold

Tommy fekk som fortent

Artikkelen er over 6 år gammel

Først vart han gløymt, så fekk Tommy Urhaug spesialinvitasjon til fylkesordføraren sitt kontor.

Årsaka til spesialinvitasjonen var at Tommy, ved ein beklageleg feil, hadde falle ut av lista over dei som skulle bli permierte under fylkestinget sitt møte 10. desember.

Der var alle frå Hordaland med medaljeplassering i VM eller OL i løpet av året, og vart overrekkt idrettsbilde laga av knustnaren Sveinung Iversen, av fylkesorføraren, med unnatak av Tommy altså.
 

Men allereie mandag var den leie glippen retta opp i.
 

– Det var glimrande å få komma på kontoret til fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og få bildet, seier Tommy Urhaug som ikkje visste at han var utegløymt før andre utøvarar som var på utdelinga i fylkestinget, kontakta han.
 

- Eg trudde ikkje eg skulle få bilde i år, då eg alt hadde fått eit i 2012. Men så ringde andre og spurte kvifor eg ikkje var på utdelinga, seier Tommy.

Bordtennis-esset frå Radøy tok bronse i VM i Kina i september. Noko han altså skulle heidrast for av fylkestinget i deira møte siste veke.
 

Neste år vert det EM for Tommy, som også satsar på Paralympics i Tokyo i 2016.
 

- Eg har håp om å komma tilbake ved eit seinare høve og få fleire bilde, seier den glade bordtennisspelaren til fylkeskommunen sine nettsider.

Kommentarer til denne saken