Gå til sidens hovedinnhold

– Alle må slåast uansett kven dei er

Artikkelen er over 5 år gammel

Tommy Urhaug klar for kvartfinalen i EM.

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

– Den fyrste kampen er alltid litt spanande. Korleis er eigentleg formen? Korleis  kjennest det ut?, seier Tommy Urhaug etter dag ein av bordtennis-EM.

Som venta er han klar for kvartfinalen i meisterskapet, men han hadde ein litt treigstart.

LES OGSÅ: undefined

I fyrste kamp møtte han spanjolen Talibi Bilal El Bakkali , det er ein spelar Urhaug har slete med før, og han måtte gjennom fem sett før han klarte å sigra over spanjolen.

– Det vart ein slitematch, men eg følte eg hadde kontroll, seier Urhaug  til  avisa Nordhordland.

I dagens andre kamp, mot tyskaren Jorg Didion, haddde Urhaug stålkontrolll.

– Då klarte eg å sleppa meg meir laus og  få  spelet mitt  slik som eg vil  ha  det,seier Urhaug. 

Sigeren var aldri truga, sjølv om tyskaren vann det tredje settet.

LES OGSÅ: undefined

Med to sigrar av to moglege er han klar for semifinale på tysdag klokka 16.50. Motstandaren er ikkje klar før tysdag føremiddag. Truleg vert det andreplassen i gruppe B han møter.

– Er det det, er det ein motstandar som passar meg bra, seier han.

– Men alle saman må uansett slåast skal det verta gull, legg han til.

– Korleis er det å gå ein heil dag og venta på å spela ein viktig kamp?

– Det er ei utfordring å få dagen til å gå og halda på spenningsnivået og gjera dei rette tinga, innrømmer han.

– Det viktigaste er å ikkje ligga i senga og sjå i taket. Då kjem fort dei feile tankane, seier han.

Men ein så rutinert spelar som Urhaug har vore i denne situasjonen mange gonger før og har eit opplegg klart.

– Det vert ei lita treningsøkt før lunsj og sova og slappa av litt etter lunsj, seier den sindige radværingen.

LES OGSÅ: Vurderte å trappa ned etter OL-gull -  no skal han vinna VM-gull

Kommentarer til denne saken