I helga har radværingen Tommy Urhaug for å konkurrera i Malmø open.

Tevlinga er ei av europas største for funksjonshemma utøvarar og samla i år meir enn 2000 utøvarar frå 25 land som konkurrerte i alt frå bordtennis til baskeball, symjing, ishockey og boccia.

Urhaug deltok i fleire klassar undervegs i meisterskapen. I eliteklassen enda han på tredjeplass etter å ha tapt semifinalen for svensken som seinare vann meisterskapen.

Eliteklassen er ein felles ståande og sitjande klasse for dei beste funksjonshemma spelarane. Urhaug var den einaste sitjande spelaren blant dei fire beste.

Urhaug vann og sin vanlege klasse.